Artistar

  • BARYTON

    Bernt Ola Volungholen kjem frå Vallset. Han er utdanna ved Norges musikkhøgskole, Kunsthøgskulen i Oslo  og Operaakademiet i København. Volungholen var fast solist ved Luzerner Theater i Sveits frå 2016 - 2019.  

    Frå sesongen 2019/2020 arbeidde han frilans over heile Europa. Bernt Ola stiller sterkt i konkurransen som verdas mest joviale songar. Dette går ikkje på bekostning av kvaliteten. Tvert imot. Han er ein ettertrakta tolkar av dei mest krevjande roller på operascener i Europa, men kan også gjere enkle viser på naturleg vis. Frå 2021 har han ved sida av ein svært aktiv utøvarkarriere også ansvaret for Kirsten Flagstad festivalen på Hamar.


  • KLAVÉR, KOMPONIST

  • FIOLIN

  • FIOLIN

    Janina Kronberger er fødd i Freiburg, Tyskland og byrja å spele fiolin då ho var fire år gamal. Då ho vart 16 år, byrja ho på diplomstudiet ved Hochschule für Musik Karlsruhe med Ulf Hoelscher der ho vart uteksaminert "mit Auszeichnung".

    I 2013 starta Janina i solistklassen til Prof. Mark Gothoni ved Universität der Künste i Berlin og var assistent det same året.

    Janina har delteke i meisterklasser med mellom anna Igor Ozim, Nicolas Chumachenco, Ulf Hoelscher, Josef Rissin og Detlef Hahn. Ho vert jamnleg invitert til festivalar over heile Europa, har motteke stipend og vunne fleire prisar i internasjonale konkurranser, blant anna i Tyskland, Sveits og Frankrike.

    Kronberger er ein aktiv kammer- og orkestermusikar og har jobba både som solist og konsertmeister i fleire tyske ungdomsorkester. Ho har jamnleg vikariert i til dømes SWR Radioorchester Freiburg, Philharmonisches Orchester Freiburg, Badische Staatskapelle Karlsruhe og Det Norske Kammerorkester.

    Då ho fekk fast jobb som 1.fiolinist i Kringkastingsorkesteret i 2014, flytta ho til Noreg. Sesongen 2018/2019 arbeidde Kronberger i Den norske opera og ballett, både som nestgruppeleiar på 2.fiolin og som 2.konsertmeister.

  • BRATSJ

    Nora Taksdal er utdanna ved Østlandets Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskule, og har solistdiplom frå Folkwang Hochschule i Tyskland.

    Taksdal var med på å grunnlegge Vertaco-kvartetten der ho spelte i ti år. Ho har vore fast tilsett som solobratsjist både i Bergen- og Oslo-Filharmonien, og har sidan 2006 vore gruppeleiar i Kringkastingsorkesteret. Ho har også bakgrunn frå Det Norske Kammerorkester og fleire samtidsensemble. Taksdal har variert bakgrunn frå inn- og utland som solist, kammermusikar, improvisator, musikkformidlar og pedagog. Ho har laga ei rekkje radioprogram for NRK P2.

    Taksdal har undervist ved Universitetet i Oslo, Griegakademiet i Bergen, Norges musikkhøgskule og ved Barratt-Due musikkinstitutt. Taksdal er lektor i instrumentalpedagogikk, og underviser blant anna i bratsj, kammermusikk og interpretasjon ved Musikk på Majorstuen.


  • CELLO

    Ernst Simon Glaser er ein forkjempar for samtidsmusikk. Det nyaste albumet hans heiter “Echos of what will come - conversation with J.S” og inneheld 6 nye verk bestilt av Glaser. Glaser jobba for tida som solocellist i Kringkastingsorkesteret og har tidlegare vore solocellist i Den Norske Operas Orkester (2000-2010) og Göteborgs Symfonikar (2009-2020). Han har undervist ved Musikkonservatoriet i Trondheim, Norges Musikkhøgskule, og på Barratt-Dues Musikkinstitutt. Av prisar kan tidlegare Rikskonsertens «Årets unge solist» og Musikkens venner «Debutantpris» nemnast. Hans innspelingar inkluderer verk av Schumann og Schubert med Liv Glaser på fortepiano (Simax, 2004), cellokonsertar med blåsarar (Aurora, 2012), og Flaminis Aura (BIS, 2017). Ernst Simon Glaser spela på ein cello av Francesco Ruggieri stilt til rådigheit av Dextra Musica.

  • SOPRAN

    Karen Rosenberg Olsen fullførte si masterutdanning i klassisk song ved Barratt Due Musikkinstitutt, The Royal Conservatoire of Scotland og Norges Musikkhøgskole i 2013. Ho har sunge solistpartia i fleire kyrkjemusikalske verk, som Händels "Messias", Dvoraks "Stabat Mater" og Mozarts Requiem med fleire. Ho har hatt roller i ulike operaoppsetningar, blant anna Magnar Åms "Kimen" og som frilans sopran har ho gjort mange konsertar både innanlands og utanlands, særskild med nordisk musikk. Ho arbeider no for det meste som sjølvstendig næringsdrivande, -som klassisk songerinne, songpedagog, yogalærar, kunstnar og kulturarrangør. Ho er også tilsett som høgskulelektor i musikk ved Høgskulen i Volda.

  • FESTIVAL DIRIGENT

    Bert Handrick er årets festivaldirigent både til festivalkoret og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

    Han studerte ved Hochschule für Musik Dresden ved Christa Holzwessig (piano), Prof.Manfred Weiss,  Prof. Jörg Herchet og Prof. Wolfgang Strauss (komposisjon).

    Frå 1994 til 1995 studerte han i Tokyo (Japan) ved Prof. Hiroaki Minami ved University of Music and Fine Arts.  Tilbake i Dresden starta han å studere på Hochschule für Kirchenmusik Dresden ved Marianne v.Einsiedel (orgel), Prof.Christfreid Brödel, Prof.Mattias Geissler(kordireksjon), og Prof.Matthias Müksch (orkesterdireksjon).
    Han har mastergrad i både komposisjon og kirkemusikk.