TEMA 2019:

KLASSISKE KVINNER OG HUNDREÅRSJUBILANTaR

I år står verk av kvinnelege komponistar sentralt på festivalprogrammet. Fleire av desse vil nok vere relativt ukjende for publikummet vårt, og vi ser fram til å presentere denne framifrå musikken ved festivalen.  

I 2019 er det 200 år sidan Clara Schumann vart fødd. Ho var ein viktig skikkelse i det sentraleuropeiske musikklivet på 1800-talet, som komponist, feira klaversolist, samt ven og høgt tiltrudd "sparringpartnar" for ektemannen Robert Schumann, for Johannes Brahms og andre komponistar. Som kvinne møtte ho likevel fordommar og rigide forventingar som førde til at ho ikkje kunne leve ut alle desse sidene til fulle. Jubileet gir årets festival høve til ikkje berre å sjå nærare på Clara Schumann, men også på andre kvinnelege komponistar, samt belyse ulike roller kvinner har utøvd i musikklivet, både før og no. 

I dag er det sjølvsagt at kvinner kan komponere like bra som menn. Kunstnarisk kvalitet handlar ikkje om kjønn. Likevel er det framleis færre kvinner enn menn som vert komponistar, og når ein skal velje konsertrepertoar, er det ofte langt mellom kvar gong det står verk av kvinner på programmet.  

Vi håper årets festivalprogram vil bidra til det motsette, og til å opne auga til publikum for kunstnarar som for lengst burde ha fått den plassen dei fortener. 

I 2019 er det også 100 år sidan to markante skikkelsar i norsk musikkliv vart fødde: komponistane Øistein Sommerfeldt og Johan Kvandal. Begge var komposisjonslærarar for Wolfgang Plagge. På opningskonserten vil Wolfgang urframføre eit klaverstykke Sommerfeldt skreiv til han i 1971. På same konsert får vi også høyre Kvandal sin eruptive "Aria, Cadenza e Finale". Sommerfeldt sin lyriske stil heng nært saman med forkjærleiken hans for den menneskelege røysta, noko publikum vil få oppleve på konsertane på Leira og i Volda kyrkje. 

Annar Follesø og Wolfgang Plagge, festivalens kunstneriske leiarar