Konsertar

Velkomen til festival 1. – 7. september

Draumekveld-konsert

Søndag 1. september kl. 18.00 Berte Kanutte, Høgskulen i Volda

På årets barne- og ungdomskonsert får du mellom anna møte Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester, Havella spelemannslag, Ytre strøk, mindre kammerensemble frå Volda og årets talentstipenddeltakarar. I tillegg skal seks lokale ungdommar framføre eit humoristisk kanonstykke av Wolfgang Plagge, og du får også høyre komposisjonane frå årets komposisjonskurs med Magnar Åm.

 

herskaplege Tonar

Smakebetekonsert med trerettars middag på Hotell Union Øye

Onsdag 4. september kl. 19.00

På denne konserten får du høyre eit samansett utval av stykke frå årets festivalprogram. Etter konserten vert det servert ein førsteklasses trerettars middag. Alt vert lyfta endå eit hakk av Hotell Union Øye sitt herskapelege interiør og dei storslåtte omgjevnadene. Velkomen til ein eventykveld!

 

opningskonserten (K1)

Torsdag 5. september kl. 18.00 i Propellhallen i Volda sentrum

Litt om programmet: Opningskonserten viser fram tema for årets festival. Vi møter 200-årsjubilanten Clara Schumann, både som komponist og som inspirasjonskjelde for Brahms’ mektige tredje klaverkvartett, med det såkalla «Clara-motivet». Vi får også møte 100-årsjubilantane Johan Kvandal og Øistein Sommerfeldt, samt den svært gåverike Lili Boulanger.

Program:

Øistein Sommerfeldt: Lyrisk strofe (Verdspremiere) (Plagge)

Johan Kvandal: Aria, Cadenza e Finale (Carlsen, Plagge)

Clara Schumann: 6 songar, op. 13 (Gilchrist, Plagge)

Lili Boulanger: D´un soir triste (Giorgini, Carlsen, Aasgaard)

Johannes Brahms: Klaverkvartett Nr. 3 (Giorgini, Follesø, Svedberg, Neary

 

hareid-konserten (K2)

Fredag 6. september kl. 17.30 på Hareid bedehus

Litt om programmet: Konserten opnar med ei verdspremiere, eit klaverstykke Johan Kvandal skreiv til Wolfgang Plagge i 1975. Britiske Muriel Herbert er nok eit mindre kjent namn, men interessa for musikken hennar har vore aukande dei seinare åra, hjelpt fram mellom anna av James Gilchrist sine CD-innspelingar. Tsjaikovskij sin praktfulle klavertrio har i dag ein solid plass i repertoaret, men verket hadde truleg ikkje blitt til utan påverknad frå komponisten sin mesén, Nadezhda von Meck.

Program:

Kvandal: “Da lontano” (Verdspremiere) (Plagge)

Muriel Herbert: 5 songar (Gilchrist, Giorgini)

Piotr Tsjaikovskij: Klavertrio (Plagge, Carlsen, Aasgard)

 

Sæbø-konserten (k3)

Fredag 6. september kl. 21.00 i Hjørundfjord kyrkje, Sæbø

Litt om programmet: Denne kvelden får du verkeleg høve til å bli kjend med verk av to framifrå komponistar, Isabella Leonarda og eit verket Strange Words av Judith Bingham. Konserten vert avslutta med Schubert sin kjende strykekvartett “Døden og piken”.

Program:

Isabella Leonarda: Sonata decima (Follesø, Carlsen, Neary, Plagge)

Judith Bingham: Strange Words (Gilchrist, Neary)

Franz Schubert: Strykekvartett i a-moll, “Døden og piken” (Follesø, Carslen, Svedberg, Aasgaard)

Middag før konserten?

Kl 19:00 Middag på koselege Sagafjord Hotel like ved kyrkja. Fyllt kyllingbryst med ratatouille og risotto. Hotellet si eiga ostekake til dessert. Bestill bord på 70049500

 

jensaløda-konserten (k4)

Laurdag 7. september kl. 12.00 i Jensaløda på Leira

Litt om programmet: Konserten opnar med eit verk av Clara Schumann, der den unike komponiststrøysta hennar verkeleg trer fram. Du får også møte den gåverike komponisten Fanny Mendelssohn, som var langt frå berre Felix´ lillesyster. Publikum kan også gle seg til å høyre Sommerfeldt si tonesetting av tre av dikta til Kathleen Raine og Robert Schumann sin eviggrønne klaverkvintett, tileigna kona hans, Clara Schumann.

Program:

Clara Schumann: Tre romansar, op. 22 (Follesø, Plagge)

Fanny Mendelssohn-Hensel: Klavertrio (Giorgini, Follesø, Aasgaard)

Øistein Sommerfeldt: “From Kathleen Raine´s Poetry”, op. 55 (Gilchrist, Giorgini)

Robert Schumann: Klaverkvintett (Plagge, Follesø, Carlsen, Svedberg, Neary)

 

avslutningskonserten (K5)

Laurdag 7. september kl. 19.00 i Volda kyrkje

Festivalkoret og dirigent Elisabeth Holte

Maria Angelika Carlsen (filoin), Annar Follesø (fiolin),

Minna Svedberg (bratsj) og Alice Neary (cello)

Litt om programmet: Dei siste åra har vi framført kammermusikk også på avslutningskonserten. I år er det Schubert sin stryketrio som står på programmet. Dette er likevel først og fremst ein korkonsert, og under Elisabeth Holte si leiing vert vi tekne med på ei fascinerande musikalsk reise som spenner over nesten 1000 år. Fromleik knytt til Jomfru Maria står sentralt i fleire av verka.

Kunstnariske leiarar: Wolfgang Plagge og Annar Follesø


 

Festivalmusikarar 2019

 
Maria+a.jpg

Maria Angelika Carlsen

Ho er omtalt som ein av dei fremste unge fiolinistane i Noreg. Maria er tilsett som 2. konsertmeister i Kringkastingsorkesteret og har også vore konsertmeister i Stavnager symfoniorkester og Filharmonien i Bergen. I tillegg er Maria konsertmeister og kunstnarisk leiar i Ensemble Allegria, som har gitt ut fleire kritikarroste plater. Maria var sjølv ein av to solistar på ensemblet si siste plate, ei plate som vart nominert til Spellemann. Maria spelar også på Solistkoret si siste plate "Meins Lebens Licht", der ho spelar "Ave Maria" av Knut Nystedt for kor og solofiolin, ei inspeling som vann prisen Diapason d’Or de l’Année. Maria er ein aktiv kammermusikar og fast medlem i Atem String Quartet. Maria spelar på ein Guiseppe Rocca frå 1850, utlånt av Dextra Musica. Ho vitja Sunnmøre kammermusikkfestival fyrste gong i 2016.

 
SaskisgiorginiPhoto credit: Christine Rechling.jpg

Saskia Giorgini

“Saskia spelar med ein svært presis teknikk, ein vakker og kjensleladd klang og har ei frasering full av rein musikalitet. Eg er sikker på at ho vil få den praktfulle karriera ho fortener”, uttalte den berømte fiolinisten og dirigenten Salvatore Accardo etter å ha hørt Saskia spele. Den italienske pianisten vann den internasjonale Mozart-konkurransen i Salzburg i 2016 og ei rekke andre konkurransar før denne. Ho er omtalt som ein av dei mest interessante pianistane i den nye generasjonen og samarbeider med internasjonale musikarar som Ian Bostridge, Martin Fröst, Janine Jansen og Henscjel-kvartetten. Ho er også kjend for å vere ein glitande lied-pianist, noko publikum vil få glede av å høyre under årets festival.

 

James Gilchrist

James Gilchrist er ein av dei leiande tenorane i Storbritannia og har opptredd i store konsertsalar verda over. For medverknaden hans i Bachs sine pasjonar er han vorte omtalt som «den finaste evangelisten av sin generasjon». Repertoaret hans omfattar musikk som spenner over fleire hundreår. James er ein entusiastisk og profilert lieder-songar og set ofte opp spennande og utfordrande konsertprogram. Han har ei imponerande liste over plateutgjevingar, som mellom anna inkluderer Schubert og Schumann sine songsyklusar, Finzi, Vaughan Williams og Britten. Han vitja Sunnmøre kammermusikkfestival for fyrste gong i 2018.

 
IMG_1072.JPG

Minna Svedberg Feldtmann

Den svenske bratsjisten har studert hos Lars Anders Tomter på konservatoriet i København, Simone Jandl på HfM ”Hanns Eisler” Berlin og tek no master hos Nobuko Imai på konservatoriet i Amsterdam. Minna var medlem i European Union Youth Orchestra frå 2010-2014 og med strykekvartetten sin Alba String Quartet vann ho talentstipendet i den internasjonale Carl Nielsens-konkurransen i 2015. Som student spelte ho kammermusikk med både medlemmer av Berlinfilharmonien og Karajan-akademiet. Minna vart nyleg tilsett i Kringkastingsorkesteret. Ho speler på ein bratsj bygd av Jens Nørskov frå 1984.

 
Alice Neary photo red.jpg

Alice Neary

Alice Neary har ei imponerande karriere både som solist og kammermusikar. Ho har vunne prisar i fleire store internasjonale cellokonkurransar, deriblant Leonard Rose (USA) og den prestisjetunge Pierre Fournier-konkurransen (1998). Frå 2001 til 2018 var Alice fast medlem i Gould Piano Trio, som i meir enn 20 år har vore ei av dei leiande kammermusikkgruppene i Europa. Med trioen har ho spelt på mange store scener og gitt ut over 25 CD-ar. Som soloartist har ho spelt inn Mendelssohn sine cellosonatar, samt cellokonsertar av Howells, Patterson og Tovey. Alice er nyleg tilsett som 1. cellist i BBC National Orchestra of Wales. Allice speler på ein cello av Alessandro Gagliano frå 1710.

 
standard_wolfgang-plagge.jpg

Wolfgang Plagge

Wolfgang Plagge sine verk vert framførte av orkester, solistar og ensemble over heile verda. Han er ein populær foredragshaldar, og den breie kunnskapen hans og den uhøgtidlege stilen har gjort han til ein gjengangar i radio og tv, mellom anna i serien «Landeplage» på NRK. Wolfgang er tilsett som professor ved Norges musikkhøgskole. Han vart kjend som barnetalent då han vann Ungdommens Pianomeisterskap 11 år gamal og debuterte som pianist året etter. Som komponist har han komponert meir enn 130 verk. Hovuddelen av desse er klaver- og kammermusikk. Wolfgang er kunstnarisk leiar for Sunnmøre kammermusikkfestival, saman med Annar Follesø.

 
filmscan-002.jpg

Annar Follesø

«Follesø har en suveren formsans og et nyanseregister som bare må høres», skreiv Kjell Hillveg i Aftenposten då Follesø gav ut plata med Bartok i 2005. Annar byrja å spele fiolin på kulturskulen i Volda, men vart snart elev på Barat-Due musikkinstitutt og har studert ved Indiana University School of Music i Bloomington i USA. Annar har halde konsertar i ei rekke land, vore solist med ei rekke orkester og gitt ut fleire plater. Den førebels siste er fiolinkonsertane til Ole Bull, som han gav ut i 2010 i samarbeid med Kringkastingsorkesteret og dirigent Ole Kristian Ruud. I 2019 gir han ut ei ny plate med fleire urframføringar av Ole Bull, også denne saman med Kringkastingsorkesteret. Annar er kunstnarisk leiar for Sunnmøre kammermusikkfestival saman med Wolfgang Plagge.

 
Aasgaard-250x229.jpg

Jonathan Aasgaard

Jonathan Aasgaard er solocellist i Royal Liverpool Philharmonic og i John Wilson Orchestra. Han vert også invitert både som gruppeleiar og solist i ei rekke britiske og europeiske orkester. I tillegg er han ein travel kammermusikar med konsertar over heile verda. Han har spelt inn fleire plater, både verk for cello og orkester og cellosonatar. Innspelinga hans av Brahms cellosonatar med Martin Roscoe var “Editors’ Choice” i magasinet Gramophone. Repertoaret til Jonathan er omfattande og inkluderer mange nye verk for cello og orkester, musikk med elektronikk og improvisasjon. Jonathan Aasgaard speler på ein cello av Celeste Farotti, bygd i Milano i 1926. Han har gjesta festivalen ei rekke gongar tidlegare.

 
_MG_0978.jpg

Festivalkoret

Kammermusikkfestivalen sitt eige kor har alltid vore sentralt på avslutningskonserten i Volda kyrkje. Songarar frå lokale kor i heile distriktet har sett av ein kveld i veka frå midten av august samt festivalveka til intensiv øving av programmet. I år er det Ketil Grøtting som øver inn repertoaret med koret og i festivalveka får dei gleda av å jobbe med og verte inspirerte av årets festivaldirigent Elisabeth Holte.

 
fotoshoot_2013_2.jpg

Elisabeth Holte

Elisabeth Holte er kantor i Uranienborg kyrkje i Oslo, der ho er dirigent og kunstnarisk leiar for Uranienborg Vokalensemble. Arbeidet hennar inkluderer både a cappella-repertoar og større verk for kor og orkester. Ho har leia ei rekke urframføringar av komponistar som Ørjan Matre, Ola Gjeilo og Marianne Reidarsdatter Eriksen. Holte grunnla Uranienborg Vokalensemble i 2002, og ensemblet har under leiinga hennar hatt stor suksess med konsertar, innspelingar, konkurransar og turnéar i mange land.

Elisabeth Holte er utdanna kantor, musikkpedagog og dirigent frå Norges Musikkhøgskole. Ho har òg studert hos den legendariske Eric Ericson i Stockholm. I tillegg til å vere kantor i Uranienborg kyrkje jobbar Holte som frilans dirigent og instruktør i Noreg og i utlandet.

 
 

Festivalpass

Gir deg fri inngang på alle konsertar og arrangement under festivalen, med unntak av middagskonserten på Hotel Union Øye.

Pris: 800,-

Billettar til enkeltkonsertar

Du kan også kjøpe enkeltbillettar på førehand eller i døra på konsertdagen

Opningskonserten 250,–

Introduksjons-konsert på Hotel Union Øye med middag 795,–

Hareid-konserten 250,–

Sæbø-konserten 250,–

Jensaløda-konserten 250,–

Avslutningskonserten 300,–

Draumekonserten med kulturskulane 100,

Festivalpass UNG

For deg som er under 18 år, eller student. Gir deg fri inngang på alle konsertar og arrangement under festivalen, med unntak av middagskonserten på Hotel Union Øye.

Pris: 350,-

Kulturrabatt ungdom

Ungdom under 18 år får 25% rabatt på alle enkeltbillettar, i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune. Billett med rabatt kjøper du i døra på konsertdagen. Middagskonserten på Hotel Union Øye selges det ikke rabatterte billetter til.