Bilete Pressemelding (6 of 20).jpg

Meisterklassar

Kvart år tilbyr festivalen meisterklassar med årets fetsivalmusikarar. Meisterklasse er ein undervisningstime der du får instruksjon av ein profesjonell musikar. Lærarane er festivalmusikarane under Sunnmøre kammermusikkfestival. Det er ingen aldersgrense.

I år er det meisterklassar på:

  • Song

  • Piano

  • Fiolin

Påmelding: FULLT

Til meisterklassen skal du førebu eit stykke du vil spele og få instruksjon på. Påmeldingsfrist 1. mai.

Meisterklassane har ei form som gjer undervisninga interessant også for andre. Meisterklassane er difor opne for publikum. Alle som ynskjer kan høyre på. Vanlegvis er det studentar frå høgskulen, andre lokale unge musikarar og musikklærarar som høyrer på. Alle andre er også velkomne!