Daglig leiar: Kaja Skatvedt Robak

tlf. 91801735, kajaskatvedt@gmail.com

Styreleiar: Gunnar Stave

tlf. 9157347, gunnnar.stave@hivolda.no

Øvrige styremedlmar:

  • Marie Austerheim Riise

  • Jan Inge Sørbø,

  • Toril Sæter

  • Robert Skeide

Storgata 8

6100 Volda

post@kammermusikkfestival.no

 

Om Sunnmøre kammermusikkfestival

Festivalen, som begynte som ein idé blant nokre musikalske eldsjeler, er blitt til ein viktig tradisjon og ein aktiv del av det lokale klassiske musikkmiljøet.

Kvart år gir festivalen publikum på Søre Sunnmøre musikalske opplevingar av høg kvalitet ved å arrangere kammermusikkkonsertar med gode norske og internasjonale musikarar. Kammermusikken si sjel er kommunikasjon, og musikken er intim, vakker og ofte utfordrande. For mange komponistar og musikarar er kammermusikk ein sjanger som betyr ekstra mykje, fordi den er personleg og heilt avhengig av kvar enkelt musikar og samspelet mellom dei. Derfor legg vi også stor vekt på eit tett og nært møte mellom musikarar, publikum og musikken på konsertane våre.

Samspel på høgt nivå finn vi også gjennom når festivalmusikarane møter det lokale musikkmiljøet gjennom festivalkor, meisterklassar, komposisjonskurs, talentkonkurranse, kafékonsertar, foredrag og mykje anna.

Festivalen sine kunstnariske laiarar, Annar Follesø og Wolfgang Plagge, set kvart år saman eit allsidig program som vi vonar gler, utfordrar og vekker nye kjensler, tankar og interesser hos publikum.

På programmet har vi alltid nyskriven norsk musikk, nokre gonger skrive av etablerte komponistar, nokre gonger av studentar ved Høgskulen i Volda og det siste året også musikk komponert av barn og ungdom frå regionen.