Konsertar

Velkomen til festival 1. – 7. september

Draumekveld

Søndag 1. september kl. 18.00 Berte Kanutte, Høgskulen i

Info. kjem

 

Introduksjonskonsert med middag på Hotell Union Øye

Onsdag 4. september kl. 18.00

Meir informasjon kjem

 

åpningskonserten

Torsdag 5. september kl. 18.00 i Propellhallen i Volda sentrum

Litt om programmet: Åpningskonserten viser fram temaene for årets festival. Vi møter 200-årsjubilanten Clara Schumann, både som komponist og som inspirasjonskjelde for Brahms´ mektige tredje klaverkvartett, med det såkalla «Clara-motivet». Vi får også møte 100-årsjubilantane Johan Kvandal og Øistein Sommerfeldt, samt den svært gåverike Lili Boulanger, ein av dei mange gløymde i musikkhistoria.

Program:

Øistein Sommerfeldt: Lyrisk strofe (Verdenspremiere) (Plagge)

Johan Kvandal: Aria, Cadenza e Finale (Carlsen, Plagge)

Clara Schumann: 6 songar, op. 13 (Gilchrist, Plagge)

Lili Boulanger: D´un soir triste (Giorgini, Carlsen, Aasgaard)

Johannes Brahms: Klaverkvartett Nr. 3 (Giorgini, Follesø, Svedberg, Neary)

 

hareid-konserten

Fredag 6. september kl. 18.00 på Hareid bedehus

Litt om programmet: Konserten åpnar med ei verdspremiere, eit klaverstykke Johan Kvandal skreiv til Wolfgang Plagge i 1975. Britiske Muriel Herbert er nok eit mindre kjent namn, men interessa for hennar musikk har vore aukande i dei seinare åra, hjelpt fram blant anna av James Gilchrists CD-innspelinger. Tsjaikovskijs praktfulle klavertrio har i dag ein solid plass i repertoaret, men verket hadde truleg ikkje blitt til utan påverknad frå komponistens mesén, Nadezhda von Meck.

Program:

Kvandal: “Da lontano” (Verdenspremiere) (Plagge)

Muriel Herbert: 5 songar (Gilchrist, Giorgini)

Piotr Tchaikovsky: Klavertrio (Plagge, Carlsen, Aasgard)

 

Sæbø-konserten

Torsdag 6. september kl. 21.00 i Hjørundfjorden kyrkje, Sæbø

Litt om programmet: Denne kvelden får du verkeleg høve til å bli kjend med verk av to framifrå komponistar, Isabella Leonarda og eit nyskrive verk av Kaja Bjørntvedt, skreve over tekst av Alf Prøysen. Konserten vert avslutta med Schuberts kjende strykekvartett “Døden og piken”.

Program:

Isabella Leonarda: Sonata decima (Follesø, Carlsen, Neary, Plagge)

Kaja Bjørntvedt: Bestillingsverk (Gilchrist, Carlsen, Follesø, Svedberg, Neary)

Franz Schubert: Strykekvartett i a-moll, “Døden og piken” (Follesø, Carslen, Svedberg, Aasgaard)

 

jensaløda-konserten

Laurdag 7. september kl. 12.00 i Jensaløda på Leira

Litt om programmet: Konserten åpnar med eit verk av Clara Schumann, der hennar unike komponiststemme verkeleg trer fram. Du får også møte den gåverike komponistenFanny Mendelssohn, som var langt frå berre Felix´ lillesøster. Publikum kan også gle seg til å høyre Sommerfeldts tonesetting av tre av dikta til Kathleen Raine og Robert Schumanns eviggrønne klaverkvintett, tileigna hans kone, Clara Schumann.

Program:

Clara Schumann: Tre romansar, op. 22 (Follesø, Plagge)

Fanny Mendelssohn-Hensel: Klavertrio (Giorgini, Follesø, Aasgaard)

Øistein Sommerfeldt: “From Kathleen Raine´s Poetry”, op. 55 (Gilchrist, Giorgini)

Robert Schumann: Klaverkvintett (Plagge, Follesø, Carlsen, Svedberg, Neary)

 

avslutnings-konserten

Laurdag 7. september kl. 19.00 i Volda kyrkje

Festivalkoret og dirigent Elisabeth Holte

Maria Angelika Carlsen (filoin), Annar Follesø (fiolin),

Minna Svedberg (bratsj) og Alice Neary (cello)

Litt om programmet: Dei siste åra har vi framført kammermusikk også på avslutningskonserten. I år er det Schuberts stryketrio som står på programmet. Dette er likevel først og fremst ein korkonsert, og under Elisabeth Holtes leiing blir vi tatt med på ei fascinerande musikalsk reise som spenner over nesten 1000 år. Fromheit knytt til Jomfru Maria står sentralt i fleire av verka.

Kunstneriske leiarar: Wolfgang Plagge og Annar Follesø