Festivalforedrag 2019


tilsett_Øystein Salhus_Foto Tone Solhaug_03_crop.jpg
 
Johan Kvandal, far hans David Monrad Johansen og Wolfgang. Biletet er tatt i februar 1974 av mor til Wolfgang.

Johan Kvandal, far hans David Monrad Johansen og Wolfgang. Biletet er tatt i februar 1974 av mor til Wolfgang.

Musikk som helsebringande aktivitet i eldreomsorga


Kinosalen på Samfunnshuset i Volda 2. september kl. 12.00. Gratis

Foredrag med Øystein Salhus, lektor i musikk ved avdeling for kulturfag på Høgskulen i Volda.

Korleis kan konsertar vere estetisk omsorg? Øystein Salhus ynskjer å dele røynsle frå arbeid med dette. Forelesinga passar for kven som helst, men spesielt for dei som arbeider innan eldreomsorg og for dei som arbeider med kulturformidling. Foredraget er ope for tilsette i omsorgssektoren på Sunnmøre, samt pårørende og andre som er interessert i tematikken.

 

Tett på to musikalske kjemper og vener

Måndag 2. september kl. 18.00 i Berte Kanutte på Høgskulen i Volda

Wolfgang Plagge held foredrag om komponistane Johan Kvandal og Øistein Sommerfeldt.

Dei to store norske komponistane ferirar 100 år i 2019. Sommerfeldt og Kvandal sette begge djupe spor etter seg i norsk musikkhistorie i etterkrigstida.

Wolfgang Plagge:

– Eg hadde gleda av å studere med begge - fyrst to år med Øisten, deretter seks år med Johan. Vi dyrka eit livslangt venskap så lenge dei levde, og i dette foredraget får du møte dei både som fagpersonar, privatpersonar og vener.


IMG_2359.jpeg

Billettar vert selde i døra.

150,– for vaksen , 100,– for born og studentar

Aasen-tunet_Horis_RGB.jpg

Ord om kor

Foredrag med Øyvind Johan Eiksund, Ivar Aasen-tunet, tysdag 3. september kl. 19.00

Korsong er eit globalt utbreidd og rikt fenomen som engasjerer svært mange på ei rekkje måtar. Med song og musikk som omdreiingspunkt er kordeltaking som oftast akkompagnert av eit vell av små og store oppgåver, forsøkt løyste av deltakarane i ein røyndom prega av meir eller mindre medvitne tradisjonar, rutinar og ritual. Men kva betyr kordeltaking for dei som vel å nytte så mykje tid og ressursar på ho? Kva trekker kormedlemmane sjølv fram som viktig i denne aktiviteten? Og er språket vårt i stand til å fange opp det sentrale i dette fenomenet? Har vi gode nok «ord om kor»? Føredraget er basert på ein omfattande studie av korfeltet slik det arta seg på søre Sunnmøre i åra 2010-11.

litt om Øyvind:

Øyvind Johan Eiksund (f. 1979) arbeider på Institutt for lærarutdanning, Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap, NTNU, der han mellom anna underviser i kordireksjon. Eiksund vaks opp i Ørsta i ein korglad familie og har sidan ung alder vore aktiv kordeltakar, både som songar, solist, dirigent, arrangør og komponist. Våren 2019 disputerte han for doktorgraden med avhandlinga «Koret som spenningsfelt: mellom det små og det store» på NMH. Som doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda blei Eiksund engasjert i Sunnmøre kammermusikkfestival frå starten, og var dagleg leiar i perioden 2011-2015.