tilsett_Magnar Åm_Foto Tone Solhaug_02_crop.jpg

Komposisjonskurs med Magnar Åm

Lær å komponere av Volda sin eigen komponist, Magnar Åm! Kurset går over to dagar og er for dei mellom 10 og 20 år. Kurset passar uansett nivå og deltakarar frå 2019 er også velkomne tilbake. Du treng ikkje ha komponert før for å vere med, men det er fint om du har spelt etter notar tidlegare. Magnar legg til rette for den enkelte og hjelper alle med å kome fram til deira eigen musikk.

Alle komposisjonane vert sett saman til eit verk, som vert framført under årets festival.


16797919_1178620808922800_2121889243133011339_o.jpg

Talentstipend

I samarbeid med Sparebank1 Søre Sunnmøre deler festivalen kvart år ut eit talentstipend på 25.000 til eit lokalt talent innan klassisk musikk. For å vere med i konkurransen må ein bli nominert og framføre eit klassisk musikkstykke under festivalen. Vinnaren vert kåra på avslutningskonserten i Volda kyrkje.


Plag Plagge på Øyra skule (3 of 28).jpg

Meisterklassar med fetsivalmusikarane

Meisterklasse er ein undervisningstime der du får instruksjon frå ein av festivalmusikarane og det er publikum i salen.


Boge-kurs med Annar Follesø og Jonathan Aasgaard

Ein gruppetime for fiolinistar med Annar Follesø, der du får lære diverse grunnleggjande bogetekniske prinsipp og teknikkar. På timen vert starten av Rodolphe Kreutzer sin Etyde nr. 2 nytta som utgangspunkt.

Jonathan Aasgaard held boge-kurs for cellistar. Alle deltakarene førebur seg ved å lære dei fire fyrste linene av Dotzauer-etyde nr. 19 og 25, fyrste bok.

Boge-kurs både for cello og fiolin er måndag 2. september kl. 18.00 på Høgskulen i Volda.


Festivalpass UNG

For deg som er under 18 år, eller student. Gir deg fri inngang på alle konsertar og arrangement under festivalen, med unntak av middagskonserten på Hotell Union Øye.

Pris: 350,-

Kulturrabatt for ungdom

Kulturrabatt_folderbanner.png

Ungdom under 18 år får 25% rabatt på alle enkeltbillettar, i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune. Billett med ungdomsrabbat kjøper du i døra.